top of page

Nos prunes

Edda

Frukta er medels til stor, brunraud til mørk blå. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet som er gult og fast, med ein søt, aromatisk smak. Edda er ein ettertrakta sort, mykje på grunn av særs god smak og den tidlege modninga.

Moden frå siste halvdel av juli

Opal

Frukta er medels stor og fargen varierer mykje med avlingsmengd og fruktutvikling. Smaken er god og søt men forutsett at tynninga vært godt utført. Opal er ein av våre mest hardføre plommesortar.

Moden frå siste halvdel av juli

Mallard

Frukta er medels stor, litt oval, med ein blåraud dekkfarge i striper og flekkar. Kvaliteten er svært god. Plommene kan haustast relativt lite modne og utvikle bra kvalitet, noko som er ein viktig eigenskap ved transport.

Moden frå fyrste halvdel av august

Reeves

Reeves har ein oval form og ein raudoransj farge. Smaken er syrleg men søt og svært god. Fruktkjøtet er saftig, fast og fint, og slepp steinen lett.

Moden frå siste halvdel av august

Victoria

Victoria er ei stor, vakker og god plomme. Fargen er ein raudleg gulfarge. Frukta er svært god til sylting og hermetisering. Plomma var lenge ein av hovudsortane i Noreg, og har verte dyrka her sidan 1870-talet.

Moden frå siste halvdel av august

bottom of page