top of page

Nos cerises

Giorgia

Ein god sort med lange tradisjonar i Noreg. Opprinneleg ein italiensk sort med faste, mellomstore frukter og ein søt og god smak. Dette er ei god morelle, som kan ha ein realtivt lang salgssesong.

Moden frå midten av juli

Techlovan

Store frukter med svært god og søt morellesmak og tiltalande utsjånad. Ein tsjekkisk vidareutvikling av sorten Van som såg dagens lys på byrjinga av 90-talet.

Moden frå midten av juli

Samba

Ein kanadisk morellesort med store, sprø og søte frukter med glansfyld skal og ein mørk, tiltalande raudfarge.

Moden frå siste halvdel av juli

Folfer

Ei svært mørk morelle med fast fruktkjøt og ein svært søt smak.

Moden frå siste halvdel av juli

Van

Halvstore frukter med mykje fruktkjøt og ein svært søt og god smak. Fruktene er harde og sprø og har ein særs tiltalande utsjånad.

Moden frå siste halvdel av juli

Tamara

Tamara er ein tsjekkisk, hjarteforma morellesort med store og faste moreller. Fargen er mørk, og fruktene er svært søte. Dette er ein særleg god morellesort.

Moden frå fyrste halvdel av august

Penny

Litt seine, relativt mørke moreller.

Moden frå fyrste halvdel av august

Lapins

Lapins er ei kryssing av Van og Stella som kom til på byrjinga av syttitalet. Fruktene er medels store med mykje fruktkjøt. Sorten har ein søt og god smak og er ypperleg til hermetisering og baking.

Moden frå midten av august

Starblush

Ein morellesort med ein særeigen gulfarge med ein svakt raud dekkfarge. Frukta har ein svært god smakskvalitet.

Moden frå midten av august

Sweetheart

Sweetheart er ein sort som vart utvikla i Canada på midten av syttitalet. Fruktene er mellomstore og søte med ein litt bitter undertone. Fruktene sprekk lett i regn.

Moden frå siste halvdel av august

bottom of page