Aprikosane våre

Wonder Cot
Den aller tidlegaste aprikossorten i Lærdal. EIn oval aprikossort, med oransje grunnfarge men med eit skjer av raudt. Denne har me berre nokre få tre av.
Moden frå andre halvdel av juli

Orangered
Ein aprikos med klar oransje grunnfarge og med eit skjer av raudt. Orangered er fast, og fruktkvaliteten er god. Dette er den sorten det er mest av i Lærdal. Relativt tidleg moden. Dette er ei av hovudsortane våre.
Moden frå fyrste halvdel av august

Bergeval
Ei litt avlang, medels stor frukt med ein attraktiv utsjånad. Frukta er lett syrleg med eit sprøtt og saftig fruktkjøt. Dette er ei av hovudsortane våre, saman med Orangered og Vertige.
Moden frå fyrste halvdel av august

Kuresia
Runde, oransje aprikosar, med raud solside.
Moden frå fyrste halvdel av august

Vertige
Ein sort med attraktiv utsjånad og ein jamn oransjefarge. Frukta har eit aromatisk og saftig fruktkjøt med høgt sukkerinnhald. Dette er ei av hovudsortane våre, saman med Orangered og Bergeval.
Moden frå fyrste halvdel av august

Hargrand
Ein kanadisk sort, som er heilt oransje. Runde frukter, og den seinaste av aprikossortane i Lærdal.
Moden frå rundt midten av august