Epla våre

Dugg
Ein tidleg eplesort med ein overraskande søt smak. Frukta er saftig og medels stor med raud dekkfarge.
Best frå august til september

Discovery
Halvtidlig eplesort med gul botnfarge og lys raud dekkfarge. Middels store, flatrunde og svært velforma. Sprøtt og kvitt fruktkjøt med søt og god aroma. Ganske god haldbarheit.
Best frå august til oktober

Rosette
Eit søtt og saftig eple med raudt fruktkjøt og god smak.
Best frå august til oktober

Raud Gravenstein
Gravenstein er ein svært gamal eplesort, og har vore dyrka i Noreg sidan 1792. Eplet er stort med juleraud dekkfarge. Lysegult, saftig, ganske fast fruktkjøt. God, litt syrleg aroma. Ypperleg til matlaging og baking.
Best frå september til desember

Gul Gravenstein
Gravenstein er ein svært gamal eplesort, og har vore dyrka i Noreg sidan 1792. Eplet er stort med gul dekkfarge. Lysegult, saftig, ganske fast fruktkjøt. God, litt syrleg aroma. Ypperleg til matlaging og baking.
Best frå september til desember

Eden
Eden er eit nytt eple som er sprøtt, saftig og søtt, med ein frisk smak. Frukta er stor med gul grunnfarge og raude striper.
Best frå september til oktober

Raud Aroma
Eplet er ei kryssing mellom Ingrid Marie og Filippa. Rund, litt flattrykt form. Lysegult og middels fast fruktkjøt med god aroma. Skalet er raudt men med eit gult kinn på solsida.
Best frå september til januar

Fryd
Eit søtt og særs saftig eple. Frukta har ein gulgrønn grunnfarge med ein kraftig raud dekkfarge.
Best frå september til januar