Ein sort med stor frukt. Raudfiolett og oval, med medels utsjånad. Sorten ettermodnar godt. Fruktkjøtet er fast og slepp steinen lett. Smaken er god og litt syrleg. Moden siste halvdel av september.
Avalon
Frukta er medels til stor, brunraud til mørk blå. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet som er gult og fast, med ein søt, aromatisk smak. Edda er ein ettertrakta sort på den norske marknaden, mykje på grunn av særs god smak og den tidlege modninga. Moden siste halvdel av august.
Edda
Plomene er store og ovale med ein raudfiolett dekkfarge og gul botnfarge. Dei har svært fin utsjånad med frisk og god smak, dog ikkje den søtaste plomma. Moden siste halvdel av september.
Jubileum
Frukta er av medels storleik, litt oval, oftast med ein blåraud dekkfarge i striper og flekkar. Kvaliteten er svært god. Plommene kan haustast relativt lite modne og likevel utvikle bra kvalitet, noko som er ein svært viktig eigenskap ved lang transport. Moden i midten av september.
Mallard
Frukta er medels stor og fargen varierer mykje med avlingsmengd og fruktutvikling. Smaken er god og søt men forutsett at tynninga vært godt utført. Opal er ein av våre mest hardføre plommesortar og er eit viktig støvtre. Moden siste halvdel av august.
Opal
Reeves har ein oval form og ein raudoransj farge. Smaken er syrleg men søt og svært god. Fruktkjøtet er saftig, fast og fint, og slepp steinen lett. Moden siste halvdel av september.
Reeves
Victoria er ei stor, vakker og god plome i god utvikling. Fargen er ein raudleg gulfarge. Frukta er svært god til sylting og hermetisering. Ploma var lenge ein av hovudsortane i Noreg, og har verte dyrka her sidan 1870-talet. Moden siste halvdel av september.