Plomer
Avalon
Ein sort med stor frukt. Raudfiolett og oval, med medels utsjånad. Sorten ettermodnar godt. Fruktkjøtet er fast og slepp steinen lett.
Edda
Frukta er medels til stor, brunraud til mørk blå. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet som er gult og fast, med ein søt, aromatisk smak.
Excalibur
Plommene er store, ovale og raudfiolette. Dei er faste og saftige, men fruktkjøtet er litt grovt. Slepp steinen lett.
Jubileum
Plomene er raudfiolette og ovale, svært store. Dei har svært fin utsjånad med god smak.
Mallard
Frukta er av medels storleik, litt oval, oftast med ein blåraud dekkfarge i striper og flekkar. Kvaliteten er svært god. Plommene kan haustast relativt lite modne og likevel utvikle bra kvalitet. Svært viktig eigenskap ved lang transport.
Opal
Frukta er medels stor og fargen varierer mykje med avlingsmengd og fruktutvikling. Opal er ein av våre mest hardføre plommesortar, og er også ein av dei beste pollensortane.
Reeves
Reeves har ein oval form og ein raud-oransj farge. Smaken er syrleg og fin. Fruktkjøtet er fast og fint, og slepp steinen lett.
Victoria
Stor, vakker og god plome i god utvikling. Raudleg i fargen. Ein av hovudsortane i Noreg.