Eple

 

Aroma

Eplet er ei kryssing mellom Ingrid Marie og Filippa. Rund, litt flattrykt form. Lysegult og middels fast fruktkjøt med god aroma. Best frå oktober til januar. Lagrast frå 2–4°C.

 

 

Discovery

Halvtidlig eplesort med gul botnfarge og lys raud dekkfarge. Middels store, flatrunde og svært velforma. Sprøtt og kvitt fruktkjøt med søt og god aroma. Ganske god haldbarheit. Best frå september til oktober. Lagrast frå 2–4°C.

 

 

Eir

Gul botnfarge og oransjeraud dekkfarge. Sterk mot skurv og middels sterk mot mjøldogg. Best i september. Lagrast frå 2–4°C.

 

 

Gravenstein

Stort eple med gul eller juleraud dekkfarge. Lysegult, saftig, ganske fast fruktkjøt. God, litt syrleg aroma. Best frå oktober til desember. Lagrast frå 2–4°C.

 

 

Nanna

Stort eple med lysegul botnfarge og rosaraud dekkfarge. Sorten er svært sterk mot skurv men utsett for mjøldogg. Best i august. Lagrast frå 2–4°C.

 

 

Summerred

Middels stort, litt avlangt eple med mørkeraud dekkfarge. Kremgult, saftig, sprøtt, middels fast fruktkjøt med fin konsistens. Best frå oktober til november. Lagrast frå 2–4°C.