Leig ditt neste feriehus hjå oss!

Hjå oss kan du leige Kårhuset, eitt av husa på garden vår. Huset ligg vakkert til midt i Lærdalsdalen, med høge fjell på kvar sin kant av det tronge dalføret, og Lærdalselva nokre hunder meter ifrå. Her er det kort veg til alt dalen har å by på, om det so er vandring i Lærdal sentrum eller ein gåtur i vakre omgivelsar på fjellet.

 

Sjølve huset har to etasjar med seks sengeplassar, eit eige kjøken med oppvaskmaskin, ei stor stove og eit romsleg bad med vaskemaskin. I tillegg har meistarsuiten både balkong og eit privat toalett. De får også ein eigen parkeringsplass til disposisjon utanfor.

I tillegg til å få innblikk i moderne, vestnorsk gardsliv byr Lærdal på ei rekke opplevingar innan naturliv og kulturhistorie. Her kan du oppdage den lange og spanande historia til Borgund stavkyrkje, eller du kan sjå den verna trehusbebyggelsen på gamle Lærdalsøyri som gjev deg innblikk i 1800-talets vestlandsbygder. Du kan oppleve norsk natur på sitt aller beste, og du kan komme tett innpå det ville, verdsarvlista fjordlandskapet som byr på opplevingar i verdsklasse.