Om oss

 

Om oss

Hei, og velkomen til Blaaflat gard! Vi er ein liten fruktgard inst i Sognefjorden i den vesle bygda Lærdal. Garden ligg langs E16, hovudstrekninga mellom Oslo og Bergen, og det gule hovudbygget fungerte på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet som hotell og skysstasjon. Garden starta med dyrehald og fruktproduksjon på byrjinga av 1900-talet. Dyrehaldet vart avvikla på 1980-talet, men fruktproduksjonen har haldt fram til den dag i dag. Produksjonen har sidan starten i hovudsak omfatta eple, pærer og plomer, men har dei siste åra utvikla seg til å omfatte også aprikos og moreller.

Vår visjon

På Blaaflat gard får du kjøpt frukt som har henge på trea til dei er etemodne. Dette gjev frukta den perfekte smaken, akkurat slik naturen har planlagt det. Sukkerinnhaldet i frukta aukar mykje dei siste dagane den modnast, noko som kjem deg til gode! Frukt som skal ut i butikkane vert plukka tidleg og ettermodna på lager for å tåle frakting og pakking før vidare distribusjon. Då får dei ikkje den ekstra søte smaken. Vår visjon er å levere fersk, etemoden frukt rett til kunden utan ekstra mellomledd. Velkommen til ei god smaksoppleving!