Raud Aroma
Eplet er ei kryssing mellom Ingrid Marie og Filippa. Rund, litt flattrykt form. Lysegult og middels fast fruktkjøt med god aroma. Skalet er raudt men med eit gult kinn på solsida. Best frå oktober til januar.


Lagrast ved 2–4°C i perforert plastpose
Discovery
Halvtidlig eplesort med gul botnfarge og lys raud dekkfarge. Middels store, flatrunde og svært velforma. Sprøtt og kvitt fruktkjøt med søt og god aroma. Ganske god haldbarheit. Best frå september til oktober.


Lagrast ved 2–4°C i plastbehaldar
Gul Gravenstein
Gravenstein er ein svært gamal eplesort, og har verte dyrka i Noreg sidan 1792. Eplet er stort med gul dekkfarge. Lysegult, saftig, ganske fast fruktkjøt. God, litt syrleg aroma. Ypperleg til matlaging og baking. Best frå oktober til desember.


Lagrast ved 2–4°C i åpen plastbehaldar
Raud Gravenstein
Gravenstein er ein svært gamal eplesort, og har verte dyrka i Noreg sidan 1792. Eplet er stort med juleraud dekkfarge. Lysegult, saftig, ganske fast fruktkjøt. God, litt syrleg aroma. Ypperleg til matlaging og baking. Best frå oktober til desember.


Lagrast ved 2–4°C i åpen plastbehaldar
Summerred
Middels stort, litt avlangt eple med mørkeraud dekkfarge. Kremgult, saftig, sprøtt, middels fast fruktkjøt med fin konsistens. Eit syrleg, aromatisk eple med god haldbarheit. Best frå oktober til november.


Lagrast ved 2–4°C i plastbehaldar