Pærer

 

Clara Frijs

Middels stor pære med grøn botnfarge. Best frå september til oktober. 

 

 

Conference

Middels stor, avlang, grøn pære med brun rust. Ofte med ein liten bøy øvst på skaftet. Fruktkjøtet er finkorna med søt og god smak, også mens pæra er hard og ikkje ferdig modna.

 

 

Ingeborg

Middels stor, avlang grøn pære med brun rust. Fruktkjøtet er finkorna med søt og god smak, også mens pæra er hard og ikkje ferdig modna. Ingeborg minner mykje om Conference.

 

 

Ingrid

Ganske lita pære med god smak. Sorten er sterk mot sprekking. Best frå slutten av august. Held seg i omlag 14 dagar.

 

 

Keiserinnepærer

Middels store pærer med grøn botnfarge. Saftig fruktkjøtt. Best frå august til september. Ikkje særleg lagringsdyktige.

 

 

Kristina

Middels stor pære med grøn botnfarge. Kristina er ei kryssing mellom Clara Frijs og Conference. Fin konsistens og god smak. Best frå september til november. 

 

 

Celina

Ny norsk pæresort, med raudleg farge. Me planta ut i 2015, og ventar spent på den fyrste avlinga.